Trygge digitale eksamenar for Skottland
Med Exam.net kan skotske skular gjennomføre trygge og brukarvenlege digitale vurderingar som oppfyller IKT-sikkerheitskrava til SQA.
30 dagar gratis prøveperiode. Ingen betalingskort krevst
I tillegg til å oppfylle SQA-krava til digitale eksamenar hjelper Exam.net med å gi like vilkår for alle elevar, ved at elevar med behov for ekstra støtte (ASN) får verktøya dei treng for å nå potensialet sitt.

Støtte til elevar med behov for ekstra støtte
Med funksjonar som er i tråd med Scottish Alternative Assessment Arrangements gir Exam.net dei verktøya kvar elev treng, også elevar med behov for ekstra støtte (ASN). Exam.net tilbyr funksjonar og støtte som tekst til tale, ordbøker, lyd og moglegheita til å justere skrifttype og farge under eksamen. Exam.net gjer at eksamensprosessen går knirkefritt, og kan òg vere nyttig i dei daglege oppgåvene i klasserommet – og spare deg tid. Les meir om verktøya våre for tilrettelegging (AAA) her.
Exam.net oppfyller krava til SQA
Exam.net er i tråd med krava til Scottish Qualifications Authority (SQA) og oppfyller standardane for sikkerheit og personvern som krevst for digitale eksamenar i Skottland. Før Exam.net blir teke i bruk, må kvar skule eller lokal styresmakt gjennomføre ei personvernkonsekvensvurdering (DPIA). Teamet vårt hjelper deg gjennom heile prosessen – ta gjerne kontakt om du treng hjelp.

Glasgow City Council
Glasgow City Council har fullført personvernkonsekvensvurderinga (DPIA) for Exam.net og godkjent at appen blir rulla ut på alle 1:1-einingar. «Planen vår er at skulane skal bruke appen til prøveeksamenane (prelims) i januar», seier Chris Mier, Digital Development Officer i Glasgow City Council.

Mindre stress på eksamensmorgonen
Exam.net er så enkelt at dei tilsette raskt kan laste opp digitale SQA-oppgåver før ein eksamen, leggje til tilrettelegging for enkeltelevar, setje ulike tidsgrenser og skrive ut elevarbeida med all naudsynt informasjon – med anonymisering når det trengst. SQA-eksamensansvarlege vil òg merke at vaktplanane blir enklare.
Fungerer på alle einingar
Exam.net er ei påliteleg skybasert prøveplattform som fungerer på dei vanlegaste einingane i skotske skular, mellom anna iPad, Chromebook, Windows-PC og MacBook. Anten du er på ein offentleg eller ein uavhengig skule, passar plattforma vår sømlaust inn i IKT-oppsettet du alt har, slik at det er enkelt å innføre og handtere digitale eksamenar. I tillegg er Exam.net enkelt integrert med LMS-plattformer som Microsoft Teams og Google Classroom.

Exam.net har vist seg å vere enkelt å bruke. Vi har fått svært få spørsmål, sidan lærarar og elevar lett har funne ut av plattforma på eiga hand, og det har gjort dei tryggare.
Adam Llewellyn,
Larbert High,
Stenhousemuir, Skottland
Stenhousemuir, Skottland

Oppgåvebank for matematikk tilpassa SQA-kursa
Maths.exam.net er ei eiga plattform med ein omfattande oppgåvebank tilpassa fire ulike SQA-kurs. Quizar, exit tickets og lengre prøver lagar du raskt med det ferdige materialet vårt. Blir vurderinga gjennomført digitalt, skjer ho i Exam.net, med alle dei vanlege støtteverktøya og automatisk retting.
Klar for framtidas digitale eksamenar
Exam.net er eit toppval for digitale eksamenar i Skottland og i tråd med krava til SQA, samstundes som alle elevar får like moglegheiter til å lukkast. Les meir om dei praktiske moglegheitene elevar har til å bruke Chromebook og iPad med tilrettelegging (AAA) ved SQA-eksamenar i denne artikkelen frå CALL Scotland.

Klar til å starte den gratis prøveperioden din?
Bli med over 270 000 lærarar som lagar og gjennomfører trygge digitale prøver på Exam.net