Fusk på Exam.net
Fusk og akademisk uærlegdom
I selskapet vårt er fleirtalet av oss lærarar, så vi tek sjølvsagt akademisk ærlegdom på alvor. Exam.net blir brukt i over 100 land, og i mange av dei går vi gjennom strenge sikkerheitsvurderingar slik at Exam.net kan brukast til avgjerande eksamenar som nasjonale eksamenar.
Exam.net er bygd for å balansere fleksibilitet og sikkerheit. For prøver der sikkerheita er mindre kritisk, lèt den lågare sikkerheitsmodusen i Exam.net elevane ta prøva i så godt som alle moderne nettlesarar. Også i denne modusen blir prøva teken i fullskjerm, og (avhengig av innstillingane) kan ikkje elevane forlate fullskjermmodus og gå tilbake til prøva utan anten ei forklaring eller løyve frå læraren.
Når prøver blir gjennomførte i høg sikkerheitsmodus, tek elevane prøva i appane våre eller i sikre nettlesarar som låser eininga heilt, anten det er Chromebook, Mac, iPad eller Windows.
Dei gratis opplæringsvideoane våre for lærarar viser korleis du stiller inn Exam.net for desse modusane. For lærarar som gjennomfører prøver på avstand, har vi òg ein eigen video med tips om korleis du kan sikre det fysiske miljøet til eleven.
Underliggjande kontrollar og rapportering
Vi har òg fuskedeteksjon i bakgrunnen som skjer på eit djupare nivå på serverane våre. Det gjer at vi i det stille kan oppdage og varsle lærarane om mistenkt fusk, til dømes bruk av spesialprogramvare, delt skjerm eller forsøk på å manipulere koden vår (eller miljøet), og vi ser etter bruk av virtuelle maskiner og løysingar for fjernskrivebord. Teamet vårt følgjer med på og finjusterer fuskedeteksjonen jamleg, slik at vi heng med på det som skjer i røynda.
Det betyr at vi både under og etter ei prøve kan varsle læraren om mistenkt fusk. Læraren kan då til dømes sjekke datamaskina til eleven manuelt, sjå loggførte mistenkelege hendingar og sjå korleis svara til eleven har vakse fram. Exam.net er òg integrert med verktøy for plagiatkontroll, slik at tekstar skrivne av elevane kan kontrollerast. Målet vårt er at det skal vere vanskeleg å fuske på Exam.net, og nærast umogleg å fuske utan å etterlate digitale spor som kan oppdagast under eller etter prøva.
Konsekvensar av fusk på Exam.net
Som elev bør du hugse at fuskeforsøk under ei prøve kan påverke karakteren din i faget og føre til meir alvorlege konsekvensar, som utestenging frå studia. Eit fuskeforsøk kan oppdagast både under prøva og etter innlevering.