Hopp til innhald

Alt du treng i verktøykassa for prøver

Med kraftfulle verktøy som er enkle å bruke og raske å ta i bruk, gir Exam.net deg alt du treng for å lage gode og omfattande prøver.

30 dagar gratis prøveperiode. Ingen betalingskort krevst

Møt Exam.net

Exam.net er ei nettbasert plattform for trygge digitale vurderingar og digitalt tilsyn. Lag og gjennomfør den første prøva di på berre ein time. Sjå korleis Exam.net fungerer!

3 måtar å lage prøver på – på din måte

Last opp eller lag eit dokument

Last opp eksisterande prøver som PDF

Ta PDF-en av ei prøve du alt har og vil bruke, last ho opp i Exam.net, og gjer ho tilgjengeleg for elevane på nokre minutt.

Så enkelt er det. Du kan skrive inn kvart spørsmål for seg eller lime inn spørsmål frå Microsoft Word, men vi veit at du av og til berre treng å bruke materiell du alt har.

Automatisk retting

Spar tid og krefter ved å setje opp prøva med automatisk retting. La Exam.net gi poeng for deg.

Lag prøva med ulike spørsmålstypar, frå fleirval til «fyll inn det som manglar». Du vel sjølv kva spørsmål som skal rettast automatisk, og kva du vil rette sjølv. Legg frå deg raudblyanten og bruk den nye fritida på neste oppgåve.

Val av spørsmålstype for sjølvrettande prøver med Fyll inn hol markert
Lag spørsmål med KI

Få inspirasjon med KI-spørsmålsgeneratoren

Det tek tid å lage gode spørsmål til prøver og vurderingar. Få hjelp og inspirasjon frå den KI-drivne spørsmålsgeneratoren vår. Du har sjølvsagt full kontroll over kva spørsmål som kjem med på prøvene dine, slik at dei held den standarden du ønskjer.

Du kan òg søkje i tidlegare prøver og hente inn spørsmål du har laga før!

Vern mot fusk

Med Exam.net kan du velje mellom fleire sikkerheitsnivå, frå prøver med alle hjelpemiddel (utan sikkerheit) til ei heilt låst eining.

Desse sikkerheitstiltaka hjelper deg med å få ei korrekt vurdering av kunnskapane til kvar elev. Prøvesikkerheita er innebygd i programvaren vår, så du kan gjennomføre ærlege prøver utan å måtte handtere og integrere tillegg frå tredjepartar.

Vel låsemodus

Effektiv og rettferdig retting

Tilbakemelding i teksten

Støtt læringa med konkrete kommentarar som eleven kan gjere noko med – direkte i tekstane til elevane. Merk ord, setningar eller avsnitt i svara til elevane og legg inn tilbakemelding akkurat der det trengst. Når elevane har fått kommentarane dine, kan dei gå tilbake til same prøva for å arbeide vidare med og levere arbeidet sitt på nytt. Ein enkel måte å gjere vurdering om til ei læringsmoglegheit.
Tilbakemelding i teksten i Exam.net
Anonymiserte elevar

Anonymiserte prøver

Fjern fordommar og sikre rettferd ved å rette prøvene utan å vite kva elev du rettar.

Læraren kan slå på anonymisering når prøva blir laga, eller ved å redigere ei prøve som er laga tidlegare. Når prøva er anonym, blir elevinformasjonen på kvar prøve erstatta med ein identitetskode.

Samarbeid med kollegaene dine

Exam.net hjelper deg med å samarbeide med andre lærarar i alle delar av vurderingsprosessen, frå å lage prøvene saman til å dele ei gjennomført prøve for å få ei andre vurdering av rettinga.

Tek mange elevar ei prøve samstundes, kan fleire lærarar svare på chatmeldingar frå elevane og følgje framgangen til kvar elev.

Kollega som deler ei prøve via Exam.net
Følg med på elevane under prøva

Oversikt i sanntid

Ha kontroll på prøva ved å følgje framdrifta til elevane medan dei skriv.

I oversiktsvisinga kan du sjå kva elevar som har starta prøva, korleis dei arbeider seg gjennom ho, og kor mange som har levert. Står ein elev fast og treng hjelp, finst det ein chatfunksjon der lærar og elev kan kommunisere utan å forstyrre resten av klassen.

Tilpass vurderingane til kvardagen i klasserommet ditt

GeoGebra og andre verktøy i Exam.net

Lag rike prøver med alle verktøya i eitt vindauge

Exam.net har eit rikt utval av innebygde verktøy som er integrerte rett i prøveopplevinga. Verktøy som Desmos, ordbøker, omsetjingstenester … og meir er tilgjengelege om du vil.

Med alle verktøy og ressursar tilgjengelege i prøvevindauget til eleven kan elevane konsentrere seg om prøva med færre distraksjonar og betre sikkerheit. Anten det er ei formelsamling, eit lydopptak eller eit teikneverktøy, er alt lett tilgjengeleg.

Tilpass prøvene til kvar elev

For elevar som treng litt ekstra hjelp, har Exam.net mange former for tilrettelegging som hjelper kvar elev med å vise kva dei kan. For vi veit at ikkje alle elevar lærer på same måte.

Nokre av dei mest brukte tilpassingane våre er:

  • Tillat tekst til tale
  • Spel inn lyd til spørsmåla dine
  • Omset spørsmål til morsmålet til eleven (over 60 språk tilgjengelege)
  • Gi elevane ekstra tid
Verktøyet Tekst til tale
Mobil med QR-kode framfor handskriven matematikk, for skanning av handskrivne svar inn i prøva

Enkel innlevering av handskrive arbeid

Sjølv om digitale prøver er effektive og praktiske, er noko arbeid best å vise for hand. Anten elevane skal teikne noko eller vise algebrautrekningane sine for hand, kan dei laste opp bilete av det handskrivne arbeidet i Exam.net med eigne QR-kodar. Det er ingen app å installere og ingen integrasjonar å setje opp.

Berre rett kameraet på ein smarttelefon mot skjermen og ta eit bilete, så blir arbeidet lagt ved innleveringa til eleven.

Ingen elevkontoar

Du treng ikkje uroe deg for mista eller gløymde passord når prøvedagen kjem.

Elevane startar prøva med ein unik prøvenøkkel som Exam.net lagar og læraren deler ut. Få ei enklare prøveoppleving for både deg og elevane dine.

Start prøva med ein prøvenøkkel

Fungerer på alle einingar

Exam.net fungerer likt på dei fleste einingar, mellom anna Chromebook, Mac, iPad, iPhone, Windows-maskiner og fleire.

Vi veit at ikkje alle elevar brukar same eining når dei tek digitale prøver, og ein kan ikkje vente at lærarane skal vere ekspertar på alle typar utstyr.

Einingar

Robuste prøver

Av og til går ikkje teknologien slik vi har planlagt. Anten batteriet på ei eining går tomt eller internett fell ut, har vi løysinga.

Går batteriet på eininga til ein elev tomt, kan eleven halde fram akkurat der han eller ho slapp, på ei anna eining. På same måte kan eleven halde fram utan å miste arbeidet sitt om internettilkoplinga fell ut under prøva, og svara blir synkroniserte så snart tilkoplinga er tilbake.

Google og Teams

LMS-integrasjonar

Forenkle kommunikasjonen mellom lærarar og elevar med integrasjonane våre med Google Classroom og Microsoft Teams.

Kople Exam.net sømlaust til LMS-et ditt, slik at elevane startar prøvene frå straumen i Google Classroom eller Microsoft Teams. Med eitt klikk sender du prøveresultata tilbake til elevane.

Legg frå deg

blyantane

30 dagar gratis prøveperiode. Ingen betalingskort krevst