Enkle og fleksible prisar
Exam.net har ein gratis prøveperiode på 30 dagar per skule. Du blir ikkje automatisk flytta over på ein betalt plan etter perioden. I staden får du tilbod om å kjøpe ein lisens for skulen eller organisasjonen din.
Ein lisens for skulen eller universitetet ditt
Exam.net tilbyr skulelisensar. Med ein skulelisens kan du bruke Exam.net utan avgrensingar og i alle fag.
Dette tilbyr vi:
- Vi oppfyller personvernkrava, mellom anna GDPR, FERPA, COPPA og SOPIPA
- Du treng ikkje opprette elevkontoar, for elevane opnar prøvene med ein enkel prøvenøkkel frå læraren.
- Gratis opplæringsvideoar i eige tempo, så lærarane kan lære seg Exam.net og bruke det effektivt
- Moglegheit til å anonymisere elevsvar før du rettar ei prøve
Brukt av lærarar over heile verda

Høgdepunkt i plattforma

Lag prøver tilpassa behova dine
- 8 spørsmålstypar
- KI-spørsmålsgenerator
- Fagverktøy: kalkulator, ordbok, GeoGebra og mykje meir
- Verktøy for tilrettelegging: talesyntese, dysleksivenleg skrifttype og meir

Gjennomfør trygge og rettferdige prøver
- Følg framdrifta til elevane i sanntid
- 3 sikkerheitsnivå, inkludert låst nettlesar
- Fuskeavsløring i bakgrunnen
- Chat mellom elev og lærar

Spar tid på rettinga
- LMS-integrasjonar: Google Classroom eller Microsoft Teams
- Automatisk retting basert på reglane du set opp
- Anonymiserte prøver
- Samarbeid med kollegaer om vurderinga
Ofte stilte spørsmål
Sjå gjennom denne lista over vanlege spørsmål. Finn du ikkje det du leitar etter, kan du sende oss ein e-post på sales@exam.net
Kan eg bruke Exam.net gratis?
Vi har ein gratis prøveperiode på 30 dagar! Når du registrerer deg for ein prøveperiode, opnar du ein prøveperiode for heile skulen, slik at alle som er med på å vurdere plattforma, kan gjere det. Vi har ingen gratisplan, men om du av ein eller annan grunn treng meir tid til å finne ut om Exam.net er rett verktøy for deg, er det berre å ta kontakt, så hjelper vi deg.
Har de ulike planar?
Nei, vi vil at alle funksjonane våre skal vere tilgjengelege for alle. Men om berre delar av skulen eller organisasjonen din brukar Exam.net, kan vi kanskje tilpasse ein lisens som passar behova dykkar.
Kva betalingsalternativ har de?
Lisensar for Exam.net blir fakturerte årleg og kan betalast med bankoverføring, kredittkort eller sjekk (berre i USA).
Kor lenge må eg binde meg?
Du bind deg ikkje til noko før prøveperioden er over. Vi flyttar deg aldri automatisk over på ein betalt plan. Når du er klar til å kjøpe ein lisens for skulen eller organisasjonen din, teiknar du ein lisens som blir fornya kvart år.
Kva slags brukarstøtte får eg?
E-post er den viktigaste kanalen vår for brukarstøtte, og vi svarar vanlegvis på spørsmål same arbeidsdag. Berre ta kontakt på info@exam.net
Kva om eg byter skule?
Vi kan flytte prøvene dine med deg til den nye skulen. Om den nye skulen din ikkje brukar Exam.net, send oss ein e-post. Vi kan kanskje tilby den nye skulen ein forlengd gratis prøveperiode, så du kan halde fram med å bruke Exam.net og dele erfaringane dine med dei nye kollegaene dine.
Prøv før du kjøper
Exam.net har ein gratis prøveperiode på 30 dagar per skule. Du blir ikkje automatisk flytta over på ein betalt plan etter perioden. I staden får du tilbod om å kjøpe ein lisens for skulen eller organisasjonen din.
Start den gratis prøveperioden dinDet er lett å kome i gang
- Utan å snakke med ein seljar eller bestille ein demo
- Utan å registrere eit kredittkort
- Utan å installere programvare eller gjere tekniske integrasjonar
- Utan å opprette elevkontoar