Hopp til innhald

Gjer prøveopplevinga rikare med fleksible verktøy

Exam.net har eit integrert utval av verktøy som gjer prøveopplevinga rikare og enklare. Læraren vel kva for nokre av verktøya elevane skal ha tilgang til under prøva. Lærarane kan alltid laste opp eigne ressursar, som eit dikt, ein lesetekst, eit bilete, eit periodesystem, ei formelsamling eller eit lydopptak, som skal vere tilgjengelege under prøva.

30 dagar gratis prøveperiode. Ingen betalingskort krevst

TILGJENGELEGE VERKTØY

Verktøy for grafar, utrekning og formlar

  • GeoGebra: eit interaktivt program for geometri, algebra, statistikk og analyse der elevane kan leggje til grafar, likningar og utrekningar i prøvesvara sine
  • Desmos: med Desmos kan elevane lage og analysere matematiske grafar i prøva.
  • Kalkulator: lèt elevane gjere enkle og avanserte utrekningar
  • Formelverktøy: lèt elevane skrive formlar med greske bokstavar, eksponentar og matematiske symbol

Språkverktøy

  • Stavekontroll: kontroller stavinga på fleire språk, mellom anna engelsk, nederlandsk, dansk, fransk, svensk, spansk, tysk, italiensk og portugisisk,
  • Synonymordbok: engelske synonym
  • Turnitin: plagiatkontroll (krev at skulen har lisens)
  • Ouriginal: plagiatkontroll (krev at skulen har lisens)
  • Lydopptak: la elevane spele inn munnlege svar som eit alternativ til skriftlege svar.

Tilgjengeverktøy

  • Omsetjingsverktøy: gir eleven tilgang til omsetjingshjelp for setningar eller enkeltord på mange språk.
  • Talesyntese: gir moglegheit til å få tekst lesen høgt for å hjelpe elevar med lesevanskar – anten teksten i prøva eller det eleven sjølv har skrive.
  • Lydfiler: lærarane kan laste opp lydfiler til prøver med spørsmål om lytteforståing.

Programmeringsverktøy

  • Kodeeditor: gir eleven programmeringsverktøy i JavaScript og Python

Andre verktøy

  • Chat: den integrerte chatten gjer kommunikasjonen mellom elev og lærar enklare og lèt elevane stille spørsmål utan å forstyrre klassen.
  • Teikneverktøy: eit verktøy for å teikne bilete eller grafar som kan takast med i svara. Du kan laste opp spesielle bakgrunnar (som rutepapir).
  • Merkeverktøy: elevane kan merke eit bilete du har lasta opp (til dømes setje namn på delar av eit bilete).
  • Skann handskrive arbeid med mobilen: elevane kan levere handskrive arbeid saman med prøva. Det krev ein mobiltelefon eller eit nettbrett med kamera som kan lese QR-kodar (du treng ingen spesiell app).