Personvernet ditt kjem først
Exam.net blir brukt i over 100 land, mellom anna ved store universitet og skulekonsern, så vi kjenner godt til regionale personvernlover og krav som GDPR, FERPA, COPPA og SOPIPA.
Ei helsing frå teamet vårt
Exam.net er laga av eit lite utviklingsteam i Sverige, og mange av oss er tidlegare lærarar som personleg bryr seg djupt om personvernet til elevane.
Difor vil vi vere tydelege på kvifor vi samlar inn personopplysningar om deg og om elevane du inviterer til å bruke Exam.net: vi gjer det for å kunne levere tenestene våre til deg og for at du skal kunne kople prøver og svar til rett elev.
- Vi eig ikkje prøvene, quizane eller spørsmåla dine (det gjer du).
- Vi kjem aldri til å vise reklame til deg eller elevane dine.
- Vi kjem aldri til å gi ut personopplysningar om deg eller elevane dine til tredjepartar.
Personopplysningar om elevar som vi eventuelt behandlar, blir samla inn ut frå innstillingane og vala dine for kvar prøve. Vi brukar aldri personopplysningane til elevane til eigne formål.
Har du spørsmål eller er du uroa for noko, send oss ei melding på privacy@exam.net.
Exam.net-teamet




Exam.net blir brukt i over 100 land, mellom anna ved store universitet og skulekonsern, så vi kjenner godt til regionale personvernlover og krav som GDPR, FERPA, COPPA og SOPIPA.
Vanlege spørsmål om personvern
Korte svar på dei vanlegaste spørsmåla om personvern.
Personvernerklæring
(EU-kundar og kundar utanfor USA)
Les om korleis vi samlar inn, brukar og vernar opplysningane dine
Personvernerklæring
(Kundar i USA)
Les om korleis vi samlar inn, brukar og vernar opplysningane dine