Digitale undervisningsverktøy
Digitale undervisningsverktøy har revolusjonert måten vi lærer og underviser på. Desse verktøya gir mange fordelar samanlikna med tradisjonell klasseromsundervisning.
30 dagar gratis prøveperiode. Ingen betalingskort krevst
Korleis eit digitalt undervisningsverktøy kan spare tid for lærarar
Med eit digitalt undervisningsverktøy har lærarane det som trengst for raskt å lage nye prøver og bruke om att gamle prøver som er lasta opp i verktøyet. Med den automatiske rettinga i Exam.net skjer rettinga av seg sjølv. I staden for å gå gjennom kvar einaste besvarelse kan lærarane bruke den verdifulle tida si på andre oppgåver.
Undervisningsprogramvare gir betre tilgjenge
Dei digitale undervisningsverktøya i Exam.net kan tilpassast i stor grad til dei individuelle læringsbehova til kvar elev. Med desse verktøya kan lærarane lage tilpassa læringsopplevingar som passar læringsstilen til kvar elev, med funksjonar som tekst til tale, lydopptak og omsetjingsverktøy. Ved å ta omsyn til ulike læringsbehov og la elevane lære i sitt eige tempo gir programvaren i Exam.net betre tilgjenge og meir effektiv læring.
Dette tilbyr vi:
- Vi oppfyller personvernkrava, mellom anna GDPR, FERPA, COPPA & SOPIPA
- Du treng ikkje opprette elevkontoar, fordi elevane opnar prøvene med ein enkel prøvenøkkel frå læraren.
- Gratis opplæringsvideoar i eige tempo, slik at lærarane kan lære seg Exam.net og bruke det effektivt
- Moglegheit til å anonymisere svara frå elevane før du rettar ei prøve
Digitale undervisningsverktøy styrkjer kommunikasjonen mellom lærarar og elevar
Digitale undervisningsverktøy gjer kommunikasjonen mellom lærarar og elevar betre, slik at elevane lettare og raskare kan stille spørsmål og få tilbakemeldingar frå lærarane. I tillegg kan lærarane gi tilbakemelding og støtte meir effektivt. Exam.net har til dømes ein chatfunksjon mellom lærar og elev under prøva. Lærarane kan følgje med på elevar som står fast i starten av ei prøve, og gi hjelp eller rettleiing i tide.
Prøv før du kjøper
Exam.net har ein gratis prøveperiode på 30 dagar per skule. Du blir ikkje automatisk flytta over på eit betalt abonnement etter denne perioden; i staden får du tilbod om å kjøpe ein lisens for skulen eller organisasjonen din.
Det er lett å kome i gang
- Utan å snakke med ein seljar eller bestille ein demo
- Utan å registrere eit betalingskort
- Utan å installere programvare eller gjere tekniske integrasjonar
- Utan å opprette elevkontoar