Vi veit alle at stadig fleire elevar i klasseromma våre slit med å halde fokus – særleg når dei sit framfor ei datamaskin med alle slags distraksjonar som internett har å by på. Så kvifor ikkje gjere som eg og mange av Exam.net-lærarane våre har byrja med …… stenge dei inne!
Ikkje bokstaveleg, men i overført tyding, sjølvsagt …
Her er nokre funksjonar i Exam.net som eg brukar i undervisninga.
Hald elevane på rett spor
Sjølv om eg har eit arbeidsark på papir i staden for digitalt, kan eg likevel halde elevane i prøvevindauget der dei skriv svara sine. Fordelen er sjølvsagt at det er mykje vanskelegare for dei å «rømme» til andre nettsider eller sosiale medium.
Og i oversiktsvisinga kan eg sjå kven som held på med kva!
Vekk dei med ei digital påminning
Om eg ser at ein elev har falle i staver i timen, kan eg sende ei melding gjennom chatfunksjonen i prøvevindauget. Det er ofte nok til å få dei i gang igjen, utan at eg må gå bort til pulten og peike dei ut …
…. dessverre fungerer det ikkje like godt om dei ser ut av det verkelege vindauget 🙄
Musikk for eit roligare klasserom
Å lytte til musikk i timen kan hjelpe nokre av elevane mine med å sitje roleg og konsentrere seg, så i staden for at dei skal bli distraherte av å bla i sine eigne spelelister, har eg byrja å laste opp musikk til dei.
Eg har prøvd ulike spelelister, mellom anna klassisk musikk og songar elevane har valt, og ein gong lasta eg til og med opp kvalsong under ein uformell quiz. Det fekk elevane til å smile og hjelpte dei meir engstelege elevane med å slappe av 😊
Hugs sjølvsagt å minne dei på å ta med hovudtelefonar.
Dette er berre nokre idear du kan bruke i klasserommet for å hjelpe elevane med å konsentrere seg om oppgåva – har du oppdaga andre, må du gjerne seie frå til oss!
Med anonymisering og verktøy for tilgjenge kan digital vurdering fjerne ubevisste fordommar og gi rettferdig vurdering. Les meir om Exam.net som di plattform for digital vurdering.

