Vi har hatt eit travelt semester med fleire viktige oppdateringar som skal hjelpe deg å lage den beste prøveopplevinga på ein enkel måte. Alle desse oppdateringane byggjer på tilbakemeldingane vi får frå deg, så ta gjerne kontakt med idear til forbetringar du vil sjå framover!
Importer eksisterande spørsmål – din personlege oppgåvebank
Når du lagar ei automatisk retta prøve, kan du no søkje gjennom dei tidlegare prøvene dine og hente inn spørsmål du har laga før. Prøv den nye funksjonen saman med deling av prøver med kollegaene dine. Du treng ikkje finne opp hjulet på nytt – vi trur dette vil spare deg mykje tid når du lagar prøver!
Du finn dette i prøveredigeringa for automatisk retta prøver
Prøver over fleire økter og heimeoppgåver
Når du slår på dette nye valet, kan elevane enkelt halde fram med ei prøve dei allereie har starta, og fullføre ho over to eller fleire økter. Det er nyttig om du til dømes vil hindre elevane i å lime inn KI-generert tekst eller anna innhald frå nettet når dei gjer ei oppgåve eller lekse (ikkje berre på prøver).
Ordbøker
No tilbyr vi ordbøker på 15 nye språk, noko som er ein stor fordel for lærarar i humanistiske fag.
Men vent, det er meir!
- Prøvehistorikken til elevane i oversiktsvisinga har fått ny drakt og er no enklare å bruke.
- Vi viser den samla poengsummen for prøva medan du lagar ho (så enkelt, men så nyttig!).
- I lærarartiklane våre ser vi nærare på korleis ein lærar handterer ulike utfordringar i klasserommet. Det nyaste innlegget er fullt av tips om korleis du kan handtere digitale distraksjonar i klasserommet.

Vi vil også gjerne presentere Aviva La Torre Ek, som er Customer Success Manager for deg. Aviva er her for å sørgje for at du får mest mogleg ut av Exam.net-plattforma, og for å lære deg dei nyaste funksjonane. Ta gjerne kontakt når som helst for personleg støtte og rettleiing, på aviva.latorreek@exam.net, eller book eit møte direkte her.
Med digitale undervisningsverktøy kan du jobbe meir effektivt og raskt lage nye prøver eller bruke gamle på nytt. Les meir om Exam.net som ditt digitale undervisningsverktøy for vurdering.
