Hopp til innhald
Tilbake til alle innlegga

Dei siste nyheitene i Exam.net, august 2024

Mathias Götze Produktansvarleg i Exam.net

Her er dei nyaste funksjonsoppdateringane på plattforma vår, som vi håpar gjer prøvearbeidet enklare for deg. Du finn også ei lenkje til den nyaste casestudien vår, om ein skule i Nederland. Vi håpar erfaringane deira kan gi innsikt i korleis andre skular brukar Exam.net, og kva fordelar dei oppdagar.

Forbetra oppsett av sikkerheitsinnstillingar

Vi har oppdatert utforminga når du vel sikkerheitsinnstillingar i prøveredigeringa. No er det endå tydelegare kva dei ulike innstillingane betyr, slik at du kan velje det alternativet som passar best til behova dine. Exam.net tilbyr tre sikkerheitsinnstillingar: høg, medium og avslått. Les ofte stilte spørsmål om innstillingane her

Innstillingane finn du i prøveinnstillingane under hindring av fusk.

Vel nedstengingsmodus i Exam.net

Nytt tilretteleggingsverktøy – farge og kontrast

Exam.net tilbyr no ulike fargetema som gjer det mogleg for elevane sjølve å justere bakgrunnsfargen eller skrifta på skjermen for å auke kontrasten, ut frå behov eller ønske. Funksjonen er særleg nyttig for elevar med synsvanskar eller som har vanskar med å skilje bestemte fargar, fordi han gjer innhaldet lettare å sjå. I tillegg finst det ein mørkare modus, som passar betre når elevane arbeider i dårleg lys.

Elevane finn funksjonen i prøvevisninga, under innstillingsikonet nedst.

Korleis andre skular arbeider med Exam.net

Teylingen College Leeuwenhorst er ein vidaregåande skule i Noordwijkerhout i Nederland. Blant utfordringane skulen står overfor, er den raske utviklinga av KI og verktøy som ChatGPT. Les om korleis Exam.net har hjelpt dei med å spare tid, støtte elevar som lærer på ulike måtar, og hindre fusk her.

Exam.net, Teylingen College

Exam.net dekkjer mange ulike behov for prøver og gir deg ein enkel og effektiv måte å lage og gjennomføre digitale prøver på. Les meir om Exam.net som eit fleksibelt og brukarvenleg verktøy for å lage digitale prøver.

Del

Ver med blant over 270 000 lærarar som lagar og gjennomfører sikre digitale prøver på Exam.net