Hopp til innhald
Tilbake til alle innlegga

Dei siste nyheitene i Exam.net, oktober 2024

Mathias Götze Produktansvarleg i Exam.net

Vi gler oss over å dele nokre av dei nye funksjonane i Exam.net, som vi håpar blir nyttige for deg og elevane dine. Som alltid tek vi gjerne imot tilbakemeldingar og idear. Exam.net er laga med tanke på lærarar som deg, og innspela dine hjelper oss å bli stadig betre.

Last opp bilete frå datamaskina til ei prøve

Vi har lagt til ein ny funksjon som lèt elevane hente filer frå datamaskina si og laste opp fleire bilete til prøva. Funksjonen er særleg nyttig for å levere labrapportar, løyse biletbaserte oppgåver, presentere designporteføljar og andre oppgåver som krev visuelle element.

Gi elevane høve til å laste opp ekstra arbeid frå datamaskina iprøveinnstillingane, under Elevområde.

KI som føreslår svar

Den nye KI-funksjonen vår føreslår svar på fleirvalsspørsmål og spørsmål med enkle svar. Det er krevjande å lage gode spørsmål, og å rette dei kan vere endå vanskelegare når du må ta omsyn til alle moglege rette svar. KI hjelper ved å lage variantar lærarar kanskje ikkje tenkjer på. Til dømes kan spørsmålet «I kva land er Amsterdam hovudstad?» ha svar som «Holland», «Nederland» eller «NL». Å føresjå alle desse på eiga hand er vanskeleg og tidkrevjande. For fleirvalsspørsmål kan det også vere til hjelp når du skal finne på truverdige feil svar.

Du finn funksjonen når du legg til svar på dei automatisk retta spørsmåla dine.

Bli med på webinarserien EmpowerED

Vil du lære meir om Exam.net eller få djupare kunnskap om eit bestemt bruksområde? Meld deg på webinarserien EmpowerED! Aviva, Customer Success Manager hos oss og tidlegare lærar, deler viktige tips og mykje meir.

Berbar PC med ein videosamtale som viser tittelbiletet for webinarserien EmpowerED Learning

Møt oss på OEB

Vi gler oss til å delta på OEB-konferansen i Berlin i november. Ser vi deg der? Om du skal dit, så la oss møtast – book eit møte med oss på førehand her! Vi vil alltid gjerne høyre korleis du brukar Exam.net, og snakke om spørsmål du måtte ha.

Exam.net dekkjer mange ulike behov for prøver og gir deg ein enkel og effektiv måte å lage og gjennomføre digitale prøver på. Les meir om Exam.net som eit fleksibelt og brukarvenleg verktøy for å lage digitale prøver.

Del

Ver med blant over 270 000 lærarar som lagar og gjennomfører sikre digitale prøver på Exam.net