No som 2024 går mot slutten, vil vi takke deg for støtta di. Det har vore eit år med nyskaping, og vi har sett KI bli ein stor del av kvardagen vår, med både nye utfordringar og nye moglegheiter. I Exam.net trur vi på å bruke KI med omtanke for å gjere undervisning og vurdering litt enklare og meir tidseffektiv. Prioriteringa vår er framleis klar: å tilby digitale verktøy som støttar lærarane i å gjennomføre rettferdige og sikre prøver, samtidig som lærarane har kontrollen over prosessen.
Høgdepunkt i 2024 🎉
- Forbetra nettstad og brukaroppleving.
- KI-støtte når du lagar prøver: KI-hjelp til å lage spørsmål, alternative svar og truverdige feil svar – det effektiviserer prosessen og sparer verdfull tid.
→ KJEM SNART! Gjer PDF-ane dine om til automatisk retta spørsmål. Då kan lærarar raskt gjere om gamle PDF-ar til strukturerte spørsmål i plattforma som kan redigerast og hentast inn i ulike prøver. - Lanserte integrasjon med Microsoft Teams, som lèt deg publisere prøver, dele prøvenøklar og dele resultat med eitt klikk.
- Webinarserien EmpowerED, der vi deler god praksis, innsikt og tips om korleis du kan bruke Exam.net. Meld deg på dei neste webinara her – det neste handlar om formativ vurdering og er 22. januar.
- Exam.net er kåra til leiande innan vurderingsprogramvare av GetApp, basert på omtalane dine. Takk!
- Tidsavgrensing for innlevering, spørsmålstypen Rutenett, statistikk over prøveresultat og mange fleire nye funksjonar, alle baserte på dei verdfulle tilbakemeldingane dine! Du kan sjå ei oversikt over dei nyaste funksjonane her.
2024 i tal
Exam.net har vore brukt i
172 land
av over
60 000 lærarar
11 000 000 prøver
er gjennomførte på plattforma vår
Kvar dag
100 nye lærarar
byrjar å bruke Exam.net
Nyttårsquiz du kan dele med elevane eller kollegaene dine
Akkurat som i fjor har vi laga ein morosam nyttårsquiz som du kan dele i klasserommet med elevane eller med kollegaene dine!
Til slutt vil vi takke deg for at du har brukt Exam.net i år. Vi er takksame for tilliten du har vist oss. Teamet vårt vil halde fram med å sørgje for at du kan stole på Exam.net, medan plattforma veks og hjelper deg meir og meir. Vi ønskjer deg godt nyttår og ein avslappande skuleferie! Vi gler oss til 2025 saman med deg!
Med automatisk retta digitale prøver brukar du mindre tid og krefter på retting. Les meir om Exam.net som di løysing for digital vurdering.
