Vanlege spørsmål om personvernerklæringa vår
Kva personopplysningar samlar de inn?
Exam.net samlar inn så få personopplysningar som mogleg for å drive verksemda vår og levere tenestene våre til deg. Har du registrert ein lærarkonto hos oss, samlar vi inn namnet og e-postadressa di, kva skule eller organisasjon du er knytt til og kva fag du underviser i. Vi samlar òg inn grunnleggjande bruksdata og all informasjon du sjølv vel å dele med oss, til dømes om du sender oss ein e-post.
Er du elev, blir du invitert til å bruke Exam.net av skulen eller læraren din. For kvar prøve eller quiz er det læraren din som vel kva personopplysningar du må oppgi før du startar. Det kan vere eitt eller fleire av desse: namn, e-postadresse, klasse/kurs/gruppe, telefonnummer eller elevnummer. Vi brukar aldri personopplysningane dine til noko anna enn å la læraren din kople tekstane eller svara dine til deg.
Kven deler de dataa mine med?
Vi leiger aldri ut eller sel opplysningane dine til tredjepartar. Vi deler berre data med tenesteleverandørar som er naudsynte for å drive verksemda vår. Vi har ei liste over desse leverandørane.
Vi brukar aldri personopplysningar om elevar til noko anna enn å levere tenestene våre til lærarar eller skular.
Krev Exam.net samtykke frå foreldre for å behandle personopplysningar om elevar under 18 år?
Nei, Exam.net hentar ikkje inn samtykke frå foreldre, sidan vi aldri behandlar personopplysningar om elevar på eige initiativ. Elevar blir alltid inviterte til å bruke Exam.net av skulen eller læraren sin, og det blir inngått ein databehandlaravtale (DPA) som regulerer behandlinga. Eventuelt samtykke frå foreldre eller føresette som lokale reglar krev, må skulen eller ein representant for skulen be om.
Vi samlar ikkje medvite inn personopplysningar om brukarar (lærarar) under 18 år.
Kven eig prøvene eller spørsmåla eg lagar eller lastar opp som lærar?
Det gjer du.
Viser de målretta reklame eller byggjer de profilar av brukarane for reklameformål?
Nei, det gjer vi ikkje.