Exam.net – verktøyet ditt for NCEA-eksamenar og meir til
Exam.net er ei plattform for digital vurdering som hjelper lærarar og andre tilsette på skular i New Zealand med å lage, gjennomføre og rette prøver. Plattforma vår er laga for alle typar vurdering, frå daglege undervegsvurderingar til eksterne eksamenar på Level 2 og 3.
30 dagar gratis prøveperiode. Ingen betalingskort krevst
Dei siste åra har NZQA drive fram den digitale omstillinga i skulen, og ein del av det er NCEA Online-initiativet, der dei fleste vurderingane skal gjennomførast digitalt. Exam.net har arbeidd tett med skular i New Zealand for at plattforma vår skal vere tilpassa kvardagen i klasseromma i New Zealand.

Hindre bruk av ChatGPT og andre KI-verktøy
Sikre at elevarbeida er ekte og originale ved å gjennomføre vurderingane i det sikre miljøet i Exam.net. Du kan fritt velje mellom tre ulike sikkerheitsnivå, frå nettlesarbaserte prøver med alle hjelpemiddel og exit tickets til dei eigne appane våre for ei heilt låst oppleving.
Exam.net oppfyller krava til NZQA om anonymisering av data
Exam.net oppfyller krava til NZQA om anonymisering for å sikre rettferdig retting. Når ein ekstern NCEA-eksamen som er gjennomført i Exam.net, blir levert i NZQA-portalen, blir alle personopplysningar fjerna, bortsett frå NSN-nummeret (National Student Number) til eleven.

Exam.net hjelper over 150 skular og 2500 lærarar i New Zealand med ein effektiv, trygg og smidig prøveprosess.

Gjennomfør prøver over fleire økter utan problem
Mange vurderingar på Level 2 og 3 blir gjennomførte over fleire økter. Exam.net har ei enkel løysing for å setje ei prøve på pause og opne ho att fleire gonger. Les meir om korleis det fungerer her.
Tilrettelegging etter Special Assessment Conditions
NZQA gir Special Assessment Conditions (SAC) for både interne og eksterne eksamenar for å møte ei rekkje fysiske, emosjonelle, sensoriske, medisinske og læringsmessige behov. Exam.net har mange funksjonar for tilrettelegging, som tekst til tale, dysleksivenleg skrifttype og mykje meir, som du kan stille inn for kvar enkelt elev.

Vi kjem heilt klart til å utforske potensialet i Exam.net for å lage aktivitetar i vurdering for læring som gir rask og effektiv tilbakemelding undervegs.
Nicole Billante,
assisterande rektor, Christ’s College

Gjer elevane tryggare på digitale eksamenar
Du kan førebu elevane dine på dei eksterne digitale vurderingane ved å gjennomføre interne vurderingar og øve på gamle Literacy/Numeracy-eksamenar i Exam.net. Det førebur elevane på dei eksterne eksamenane ved slutten av året, som må gjennomførast i Assessment Master frå NZQA.
Mindre stress før og under eksamen
NZQA krev at elevane slår av varslingar og skjermsparar under digitale eksamenar. Med høg sikkerheitsmodus i Exam.net skjer dette automatisk, noko som gir mindre stress for lærarar og elevar i ein situasjon som alt er nervepirrande nok!
