Hopp til innhald
Tilbake til alle innlegga

ChatGPT og fagleg ærlegdom – kva konsekvensar vil det få?

Erik Corell Grunnleggjar og matematikklærar

ChatGPT har fått mykje merksemd sidan det vart lansert for ein månad sidan.

«Det er som å vakne til nyheita om ein stor atomeksplosjon og ikkje vite kva ein skal tenkje, men vite at verda aldri blir den same igjen.»

Shital Shah, KI-sjefingeniør i Microsoft, i ein kommentar på Twitter

Kor smart er dette nye KI-verktøyet? Er det ein trussel mot tradisjonelle skriveoppgåver og rettferdig vurdering? Her er ein kort analyse av ChatGPT og prøvesikkerheit frå Erik Corell, grunnleggjaren av Exam.net.

Bakgrunn

30. november lanserte OpenAI ChatGPT 3.5, ein KI (kunstig intelligens) av typen stor språkmodell. Den første veka fekk han over ein million brukarar. ChatGPT har fleire styrkar som forgjengarane mangla, mellom anna evna til å lage nyanserte tekstar på ulike språk og i ulike stilar som ofte ikkje kan skiljast frå tekstar skrivne av menneske. Verktøyet er framifrå til å svare på tradisjonelle prøvespørsmål og skriveoppgåver med naturleg og godt underbygd tekst, noko som gjer det svært enkelt for elevar å fuske på lekser, open bok-oppgåver og prøver som blir tekne på ulåste datamaskiner. Samtidig kan ChatGPT også vere ein svært verdfull ressurs for lærarar.

Hjelp meg å forstå korleis elevar kan bruke ChatGPT

For å forstå fullt ut kva ChatGPT kan bety for undervisninga di, bør du opprette ein konto og prøve det sjølv. La det til dømes svare på nokre prøvespørsmål frå prøver du gir.

Eg syntest det var nyttig å sjå døme på essay skrivne av ChatGPT. Du finn mange døme på denne nettstaden.

Korleis kan elevar (eller du) bruke ChatGPT til å lage tekstar i ulike stilar og ulike døme på skriving? Denne eleven viser godt korleis det fungerer, og det er verdt å ta seg tid til å sjå videoen.

Må eg no uroe meg for ChatGPT og fagleg ærlegdom?

Store «omveltande teknologiar» brukar gjerne 10–20 år på å forandre eksisterande system fullt ut (tenk tilbake på då internett først slo gjennom). I løpet av den tida vil ChatGPT (og liknande system) forandre utdanning, bedrifter, produkt og til og med samfunnet vårt. Men utdanninga kjem til å kjenne verknaden no. Lærarar, skular og skuleleiarar strevar allereie med kva retningslinjer dei skal innføre i år.

Kva må eg endre dette semesteret?

For det første må du rekne med at alle essay som blir skrivne heime, kan vere forma eller skrivne av ChatGPT. Det er difor ein risiko for at elevane ikkje berre set bort skrivinga, men også tenkinga si.

For det andre er det avgjerande at elevane ikkje har tilgang til ChatGPT på prøver og skriveoppgåver som blir gjorde på datamaskin. Du bør bruke system som låser eleven heilt inne i prøveverktøyet i eit miljø utan distraksjonar.

Fagleg ærlegdom kan sikrast med verktøy som Exam.net, der læraren styrer kva hjelpemiddel og verktøy elevane har tilgang til.

Moglegheiter og utfordringar i skulen

Brukt på rett måte er ChatGPT 3.5 (og ChatGPT 4.0, som etter planen skal lanserast tidleg i 2023) ikkje berre ein trussel mot fagleg ærlegdom, men kan også vere svært nyttig for lærarar. KI-verktøyet er ofte framifrå til å forklare avansert teori på eit passande nivå og til å kome med idear og forslag til struktur og planlegging av undervisning ut frå eit gitt tema og nivå. Brukt med profesjonelt skjønn kan ChatGPT gjere undervisninga rikare og spare tid for lærarane.

Exam.net og ChatGPT

Exam.net brukar ein kombinasjon av sikkerheitstiltak, mellom anna hindring av kopiering og innliming og automatisk skriving, nedstengingsmodus og tilsyn i sanntid, for å sikre integriteten til digitale prøver og hindre fusk. Les meir om korleis Exam.net hindrar elevar i å fuske med ChatGPT på prøver og lekser

Følg elevane i sanntid under ei prøve og sikre fagleg integritet med ulike sikkerheitsnivå. Les meir om digitalt tilsyn med Exam.net.

Del

Ver med blant over 270 000 lærarar som lagar og gjennomfører sikre digitale prøver på Exam.net